Iselin Berg Bustadmo var éin av dei yngste i Noreg som fjerna brystene, i ein alder av 25 år, på grunn av genfeilen BRCA1 (Breast cancer 1). Inngrepet har gjort at risikoen for å få brystkreft er redusert med 85 prosent.
Iselin Berg Bustadmo var éin av dei yngste i Noreg som fjerna brystene, i ein alder av 25 år, på grunn av genfeilen BRCA1 (Breast cancer 1). Inngrepet har gjort at risikoen for å få brystkreft er redusert med 85 prosent.

Gripande historie på Damenes aften

Iselin Berg Bustadmo fortalde ei gripande, personleg historie om arveleg brystkreft under Damenes aften i Eikelandsosen.

Fredag var det duka for Damenes aften på Fjord'n Senter. Der vart det tid for både alvor og kos.

Brystkreft

Natasja Smørholm og Idar Rolland starta ballet med musikalsk innslag. Etterpå var det tid for føredrag, og damene følgde ivrig med på føredragshaldarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først ut var det dei to personlege trenarane, John Hauge og Øyvind Taule. Dei tok opp dagsaktuelle tema som trening, kosthald og helse.

Etterpå entra Iselin Berg Bustadmo scenen for å fortelja si historie. Bustadmo var éin av dei yngste i Noreg som fjerna brystene, i ein alder av 25 år, på grunn av genfeilen BRCA1 (Breast cancer 1). Inngrepet har gjort at risikoen for å få brystkreft er redusert med 85 prosent.

Ho fortalde ei gripande personleg historie om arveleg brystkreft, eggstokkreft og livmorhalskreft. Ho sette fokus på viktige tema som ikkje alltid er like enkle å snakka om. Ho la stor vekt på kvar og ein må kjenna sin eigen kropp, og ho understreka kor viktig det er å gå til sjekk dersom ein kjenner noko uvanleg.

Føredragshaldarane for kvelden var John Hauge, Øyvind Taule og Iselin Berg Bustadmo.
Føredragshaldarane for kvelden var John Hauge, Øyvind Taule og Iselin Berg Bustadmo.
Marianne Gangstø var ein av dei vakre modellane som viste flotte antrekk.
Marianne Gangstø var ein av dei vakre modellane som viste flotte antrekk.
Idar Rolland og Natasja Smørholm fylte senteret med fin musikk.
Idar Rolland og Natasja Smørholm fylte senteret med fin musikk.

Som avslutning til dei lærerike føredraga blei senteret endå ein gang fylt med fin musikk då Natasja og Idar stilte opp med eitt flott musikkinnslag.

Kveldens godbitar

Etter innslaga frå scenen var det tid for damene å smaka på kveldens godbitar. Tønnekafeen serverte tapastallerken med stor suksess, og praten gjekk lystig rundt borda. Solveigs kaker sponsa også med freistande makronar. Butikkane baud på gode timestilbod, og dei 60 første som handla i butikkane "kapra" seg ein goodiebag. Handelen gjekk godt og butikkane var fulle. Det blei også arrangert butikkrebus der ein kunna vinne gåvekort. Mange deltok og det vart jakta ivrig i butikkane etter dei skjulte bokstavane.

Oriflame hadde stand, og det vart seld Rosa Sløyfe-effektar og loddbøker til inntekt for Kreftforeningen. Den rosa selfie-veggen var populær, og Frisørbua hadde demo av sjølvbruningsspray.

Eitt av kveldens høgdepunkt var sjølvsagt moteshowet. Vakre modellar som var styla av frisørbua viste fram klede frå Kamille og Maran. Stilige damer og jenter ikledd flotte antrekk stal showet på den raude løparen. Til slutt var det trekking av vinnarar av gevinstar og rebusløp.

Årets Damenes aften vart ein innhaldsrik og lærerik kveld, damene koste seg og i lag med Rosa Sløyfe-løpet laurdagen, vart det samla inn 40.000 kroner.