Linda Veivåg og Hilde Gjerde fekk æra av å klippa snora for opninga av Coop Prix i Os onsdag.
Linda Veivåg og Hilde Gjerde fekk æra av å klippa snora for opninga av Coop Prix i Os onsdag.

Gul fest i Midtpunkthuset

Ei veke tok det å forvandla Rimi til Coop Prix. I dag var det storstilt opning med ballongar og gul dame.

Ja, marsipankaka var delvis gul. Det same var ballongane, logoen over døra og fargen på hyllene i butikken.

- Eg synest det har blitt veldig fint og ope her. Me er veldig nøgde med resultatet, seier dagleg leiar Linda Veivåg i det ho serverer dei første kundane kake og kaffi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omstillinga frå Rimi- til Coop Prix-butikk har gått rimeleg smertefritt.

- Det har sjølvsagt vore hektisk, men me har vore effektive. Arbeidet starta sist måndag. I dag er butikken altså ferdig forvandla, seier Veivåg.

Ut i permisjon

Veivåg er gravid og er i desse dagar på veg ut i permisjon. Ny dagleg leiar det neste året vert Hilde Gjerde.

Det var bra med kø utanfor Coop Prix før opninga. Her serverer Linda Veivåg dei første kundane kake og kaffi.
Det var bra med kø utanfor Coop Prix før opninga. Her serverer Linda Veivåg dei første kundane kake og kaffi.

- Det er Hilde som får gleda av å driva vidare her i tida framover. Det blir nok ei spennande tid. Me håpar osingane liker butikken. Sjølv meiner me han er meir open og oversiktleg, seier Veivåg.