Grasbrann: Grasbrannar høyrer normalt våren og sommaren til, men no kjem farevarselet heilt i slutten av november. Foto: Kenneth Svenningsen

Gult farevarsel for skogbrann i Bjørnafjorden

Det er sendt ut farevarsel om gras- og lyngbrann for snøfrie område i ytre strok av Vestland.

Det er ikkje kvardagskost at Meteorologisk Institutt sender ut gult farevarsel for skogbrann i slutten av november.

Likevel har det altså no skjedd.

Obs: Meteorologisk Institutt åtvarer om brannfare inntil det kjem nedbør av betydning.

Det er nemleg venta lokal gras- og lyngbrannfare i snøfrie område i låglandet inntil det kjem nedbør av betydning.

Farevarselet gjeld ytre strok av Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Rådet er å unngå bruk av open eld. Så seint som tysdag måtte brannvesenet sløkkja ein grasbrann på Radøy i Alver kommune.