Kraftige kast: Fredagen blir uroleg for folk i Bjørnafjorden.

Gult farevarsel: Rår foreldre til å henta borna tidleg

Fredag ettermiddag blir det skikkeleg kraftige vindkast over Bjørnafjorden.

— Eg meiner absolutt det er eit godt råd å henta borna tidleg i skular og barnehagar idag. I alle fall dersom ein er på ein stad som er utsett for vind frå nordvest.

Det seier vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meteorologisk Institutt har sendt ut gult farevarsel for delar av gamle Hordaland fylke, og oransje farevarsel for områda langs kysten.

Det er venta lokalt kraftige vindkast frå nordvest på 27-30 m/s i indre strok, og 27-35 m/s på kysten og ytre strok.

Dess nærmare kysten du bur, dess kraftigare vil det blåsa. Men uansett om du bur her eller der, denne vinden vil du merka, seier meteorologen.

Farevarsel: Yr.no har lagt ut dette kartet.

Brå auke

Årsaka er eit raskt veksande lågtrykk i Atlanterhavet som vil flytta seg inn over land og leggja seg over Hordaland.

— Det er lite vind i eit slikt senter, men i det det beveger seg vidare austover, får vi skikkeleg kraftig vind over kysten, forklarer Selberg.

Og denne gongen vil det bokstaveleg tala vera stille før stormen.

— Ja, faktisk. Vi ventar at det vinden brått vil auka i 15-tida. Utpå kvelden frå klokka 21 vil han løya.