I eitt år har Gustav fått stå i fred. Natt til tysdag blei han stolen, men han blei heldigvis funnen att nokre meter unna.
I eitt år har Gustav fått stå i fred. Natt til tysdag blei han stolen, men han blei heldigvis funnen att nokre meter unna.

Gustav stolen i natt: Funnen att tysdag morgon

I rett over eitt år fekk gorillaen, som fekk namnet Gustav, stå i fred utanfor Os Blomsterservice i Os sentrum. Natt til tysdag forsvann han, men han hadde ikkje blitt flytta langt.

– Dei kunne ha teke kva som helst, berre ikkje han. Dei som har vore her har ryskja opp potteplanter og tråkka over blomar for å koma seg fram til Gustav, fortalde innehavar av Os Blomsterservice, Marianne Holmefjord til Os & Fusaposten tysdag morgon.

Kort tid etterpå kom meldinga om at Gustav var funnen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein av gutane på Sælen som fann han bak butikken ved nokre pallar. Dei som har teke Gustav har sikkert ikkje orka å frakta han lengre, seier Holmefjord og legg til:

– Det er synd at det er slik, men eg er nesten litt paff når eg kjem til butikken om morgonen og ting er som dei var då eg gjekk heim. Det skal seiast at blomane og alt utanfor har fått stå i fred ei stund. Eg forstår ikkje kva glede det gjev nokon å øydeleggja for andre på denne måten, seier Holmefjord.