Det var full utrykking då det kom melding om at ein gut hadde hamna i klem under ein bil på Nore Neset.
Det var full utrykking då det kom melding om at ein gut hadde hamna i klem under ein bil på Nore Neset.

Gut (8) kom i klem under bil

Ein åtteåring kom onsdag kveld i klem under ein bil på parkeringsplassen ved Nore Neset Idrettspark.

Ifølgje vitne til hendinga skal guten ha sprunge etter ein ball som gjekk under ein bil. Bilføraren skal ikkje ha registrert at guten, og starta å køyra. Politiet vil ikkje uttala seg om hendingsforløpet, men fortel at dei vil etterforska saka.

Det samla seg mykje folk kring hendinga, og både foreldre og bilføraren var tydeleg prega av hendinga. Guten skal ha vore bevisst då han blei køyrd til sjukehuset, men i tydelege smerter.