Hendinga skal ha blitt fanga på video. Ein gut skal ha stole øl frå ein matbutikk nord for Os sentrum.

Gut mistenkt for tjuveri: Skal ha sprunge frå staden

Hendinga vil bli meld.

Det opplyser politiet i ein e-post. Onsdag rett før klokka halv ti på formiddagen, fekk politiet melding om tjuveri av øl frå ein matvarebutikk nord for Os sentrum.

— Hendinga skal ha funne stad dagen før. Det er snakk om ein ungdom, som også skal ha framstått rusa og vore stygg i språket. Det finst videoovervaking, og hendinga vil bli meld, skriv politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikkontroll på Halhjemsvegen

Onsdag kveld i 18.50-tida blei det gjennomført trafikkontroll på Halhjemsvegen i 70-sonen retning ferjekaia. To bilistar fekk eit forenkla førelegg, og høgaste hastigheit var 88 km/t, opplyser Lyssand.

Seinare på kvelden, i 21.40-tida, blei det gjennomført trafikkontroll med fokus på promille. Denne gongen på Søfteland i 60-sona.

— Ein sjåfør fekk eit forenkla førelegg. 32 personar blei kontrollert for promille, ingen utslag, skriv Lyssand.

Utan gyldig førarkort

Rett etter klokka halv elleve onsdag kveld, blei eit køyretøy kontrollert ved Storestraumen. Ein mann i 40-åra blei meld for å ha køyrd utan gyldig førarkort.