(
( Foto: Kenneth Svenningsen

Gut påkøyrd av bil

Ein gut skal ha blitt påkøyrd ved Særvollvegen.

Politiet melder på Twitter om ein trafikkulukke i Os. Etter det Os & Fusaposten kjenner til, har ulukka funnen stad i krysset Særvollsvegen/Lepsøyvegen. Guten skal ha sykla då han blei påkøyrd. Han skal vera bevisst og sit og pratar med lege i ambulansen. Det er uklart korleis ulukka har skjedd.

Oppdatert kl 10.02: Naudetatane er ferdige på staden. Guten hadde nokre skrubbsår og litt smerter i ein fot, og er ivaretatt av foreldre på staden. Han vart ikkje køyrd til sjukehus eller legevakt. Det skal ikkje vera mistanke om promille og det er ikkje teke beslag i førarkortet. Politiet har oppretta sak på forholdet.