Gutane i sola: Denne gjengen storkoste seg i sola på grashaugen sør for Kuventræ.

Gutane i sola

Onsdag 22. januar skjedde noko ganske spesielt i Bjørnafjorden kommune. Innbyggjarane fekk oppleva sol.

Dette er så sensasjonelt at redaksjonen var inne på tanken om å køyra push-varsling på saka. Onsdag skein sola. Folk var ute. Det var lyst på himmelen, og underteikna såg opp til fleire som smilte...

Om det var heilt første dagen for året med eldkula lysande, usjenert frå himmelen, skal me ikkje vera for bombastiske å påstå, men at solskinsstunda på føremiddagen var ei av ytst få slike stunder denne vinteren, det er sikkert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naut sola: Også leiarane ved AFO på Kuventræ naut å vera ute. Her ved Andrine Bakk og Lasse Stangvik.

Herleg frileik

På Kuventræ var det opp til fleire born å sjå ute i Guds frie natur. Blant desse ein tøff gjeng med gutar som leika seg på isen på nokre større dammar.

– Er det kjekt å vera ute, gutar?

– Me har ikkje vore ute sidan før jul. Det er herleg, svarar gutane som går på AFO-ordninga til Os Idrettspark.

Også leiarane var glade for høvet til å vera ute.

– Det er første gong på nokre månader at elevane er ute og har frileik. Me får håpa det blir mange slike dagar framover, seier Andrine Bakk og Lasse Stangvik.

Spadde is: Gutane kalla ein spade for ein spade og spadde etter isflak.

Fem soltimar sidan 1. desember

Om me ser litt på korleis vêret har vore sidan desember, er det rett og slett deprimerande lesning. Sidan 1. desember og fram til onsdag, har det berre blitt registrert fem soltimar for folk som bur i Bergen og omegn. Dessverre ser det ikkje særleg lysare ut framover.

– De får ta vare på denne dagen i minne. Dessverre er det framleis vind i frå sør-vest. Dermed kjem det inn nytt lågtrykk frå vest alt frå torsdag av, fortalde meteorolog, Rafael Escobar Løvdahl, onsdag ettermiddag.

Han gav oss heller ikkje særleg med forhåpningar til helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nye lågtrykk på veg inn mot Vestlandet. Det me kan håpa på, er kortare opphaldstimar innimellom. Det er ikkje umogleg, men heller ikkje noko me ventar mykje av, slår Løvdahl fast.