Halhjem, Haljem eller Halgjem?
Halhjem, Haljem eller Halgjem?

Halhjem, Haljem eller Halgjem?

Kartverket reiser namnesak for namnet Halhjem, Haljem/Halgjem. Namnesaka vert reist for å få avklart rett skrivemåte i offentleg bruk.

Nyleg skreiv Os & Fusaposten omnamnevalet for den nye skulen aust om elvo. Styringsgruppa i Os kommune hadde Borgafjell barneskule som forslag, og etterspurde Språkrådet si meining om dette namnet. Svaret dei fekk var at dei tilrår prinsipielt at skulen blir kalla opp etter garden der skulen skal liggja, og at skulenamnet då blir skrive Hjella barneskule. Dersom kommunen likevel vel namnet Borgafjell, meiner språkrådet at ein bør nytta bestemt form. Namnet vil då bli Borgafjellet barneskule.

Kartverket har vedtaksrett

No er det oppretta namnesak om Halhjem. Kartverket har sendt saka ut på lokal høyring i kommunen (jamfør § 6 i lov om stadnamn).

Artikkelen held fram under annonsen.

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards- og bruksnamn og naturnamn. Før det vert gjort vedtak har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten til namn som dei har særleg tilknyting til. Vedtak for gardsnamn er etter hovudregelen retningsgjevande for skrivemåten til bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, og for bruksnamn der gardsnamnet inngår som del av namnet.

Oppretta saka etter ei førespurnad

Erlend Trones, namneansvarleg i region Vest i Kartverket, fortel saka blir oppretta etter ein førespurnad frå Sjøkartverket.

– Det er mange ulike måtar å skriva namnet på. Sjøkartverket tok kontakt med oss for å høyra kva skrivemåte dei skulle nytta. Ferjekaien vert skriven Halhjem, altså med ein h å midten. Gardsnamn blir skrivne utan. Halgjem er også ein skrivemåte som blir brukt. Vi ser behovet for ei einsarta form.

– De nemner at de vil ha ein skrivemåte til offentleg bruk. Kva tyder det?

– Det tyder at stat, fylke og kommune må nytta den skrivemåten. Privatpersonar skriv som dei vil, seier Trones.

Saka gjeld følgjande namn:

* Haljem/Halgjem/Halhjem (gard 44)

* Haljem (bruk 44/1, 2, 3, 4, 5, 6, 48, 50, 58, 59, 60, 72, 73, 80, 103, 106, 107, 109,

Artikkelen held fram under annonsen.

110, 111, 135, 159, 238, 239, 240, 241, 244, 245, 246, 247, 248, 249, 251, 256, 257,

258, 259, 260, 261 og 263)

* Halhjem (bruk 44/147, 153, 165, 232, 233, 235, 236 og 237)

* Halgjemssjøen (fjord)

* Haljemsøya (øy i sjø)

* Halgjemsosen (sund i sjø)

* Halhjemsmarkjo/Halhjemsmarka (utmark)

* Halhjem/Haljemsbrua (bru)

Artikkelen held fram under annonsen.

* Halhjem ferjekai (ferjekai)

* Haljem/Halhjem (tettbygd) – kommunen er vedtaksmynde

* Halhjem barneskule (skule)