Med seg på laget har Lukasz Brekke Tina Bøe Buer (biletet) som råvareleverandør og kokkane Roger Engevik og Arnt-Inge Bjoarvik.
Med seg på laget har Lukasz Brekke Tina Bøe Buer (biletet) som råvareleverandør og kokkane Roger Engevik og Arnt-Inge Bjoarvik.

Halhjem kafé nyopnar: Satsar lokalt og kortreist

Kokk Lukasz Brekke vil ha stort fokus på lokal, kortreist mat når han no «søndagsopnar» Halhjem kafé.

- Konseptet skal vera ein rikhaldig buffet med kortreist mat der vi lagar all maten fra botnen av. Vi vil baka våre eigne brød og røyka og grava laksen og fisken vår sjølv, fortel Brekke som gler seg stort til å «nyopna» den tradisjonsrike restauranten.

Med seg på laget har han Tina Bøe Buer som råvareleverandør og kokkane Roger Engevik og Arnt-Inge Bjoarvik. Mora Joanna Brekke er dagleg leiar og eigar av selskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen er etter kvart å fokusera meir på å bruka lokala til selskap som konfirmasjon, bryllup, dåp og andre typar arrangement.

- I tillegg vil vi også jobba meir med å marknadsføra oss på catering og levering av mat i tida framover, avsluttar Brekke.

jostein@osogfusa.no