Halhjemsvegen opna - tre dagar før skjema

Nordgåande løp på E39 er opna for trafikk. Arbeidet i sluttfasen gjekk raskare enn berekna, seier Kari Bremnes i Statens Vegvesen.

Nordgåande løp gjennom Liafjellstunellen har vore stengt sidan 2. mai, pga. arbeid på nye motorvegen. I dag tidleg vart vegen opna att, tre dagar før varsla.

- Arbeidet i sluttfasen har gått mykje fortare enn me trudde. Når me skjønte at me kunne opna før tida, valde me å ta ei hasteavgjerd, seier prosjektleiar Kari Bremnes i Statens Vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare var det varsla at måndag kl 6 om morgonen var dagen då trafikken ville gå som normalt att på E39.

Trafikken glir greitt

Då Os og Fusaposten var på staden i dag tidleg, var det ein del trafikkantar som verka usikre og tok vegen via Osøyro likevel, men ein god del tok også sjansen på Liafjellstunellen.

- Me har ikkje fått meldingar om at folk er forvirra, men no er dette ganske ferskt, så me følgjer med utover dagen, seier Kari Bremnes.