Kø: Slik såg det ut på E39 Halhjemsvegen fredag ettermiddag.

Vart frakta til legevakta etter ulukke i Lepsøykrysset

To personbilar er involvert.

Vi oppdaterer saka.

Kl.18.08 er bilbergar komen fram til staden. Politiet melder at E39 Halhjemsvegen vert mellombels stengd til bilane er fjerna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var klokka 17.25 at politiet melde på X at to personbilar var involvert i ei trafikkulukke i Lepsøykrysset.

Airbagar vart utløyst, og begge førarane var raskt ute av bilen. Det skal ikkje ha vore snakk om personskader, men dei vert sett til av helsepersonell og etter kvart frakta til Os legevakt for ein sjekk.

Slik såg det ut litt før klokka 18. Det er no fri ferdsel på Halhjemsvegen.

Bjørnafjorden brann og redning har flytta bilane bort frå vegen, og det er fri ferdsel på Halhjemsvegen.

Det er rekvirert redningsbil, og denne er venta å vera framme i 18-tida.