Skal lava ned: Slik kan det bli sjåande ut laurdag.

Halve kommunen får gult farevarsel, resten får berre heidundrande snøbyer

— Det vil nok gå i eitt for dei som skal brøyta, seier vakthavande meteorolog.

Meteorologisk Institutt har sendt ut gult farevarsel for snø i ytre strok av Vestland og Rogaland.

Varselet gjeld frå klokka 1 natt til laurdag fram til klokka 1 natt til søndag, og det kan koma rundt 5-15 cm snø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også venta nordvestleg periodevis liten til stiv kuling på kysten.

Gult: Den gule linja går tvers gjennom Bjørnafjorden kommune.

På biletet som Meteorologisk Institutt har lagt ved farevarselet, kan ein sjå at den gule yttergrensa går tvers gjennom Bjørnafjorden kommune.

Medan heile gamle Os kommune er omfatta av farevarselet, er det berre Vinnes som har «snike seg med» frå Fusa-sida.

Det er varsla mykje snø i både Strandvik, Lygrepollen og Eikelandsosen, men altså ikkje noko farevarsel.

— Det er alltid litt vanskeleg å seia nett kor snøbyene vil treffa, og det blir nok snø i heile Hordaland, seier vakthavande meteorolog Ingri Halland Soldal.

Les også
Brukte 9,4 mill. i fjor: I år er fem av seks brøyte-millionar allereie brukt opp

Verst på kysten

Det ho likevel er sikker på, er at det blir verst på kysten.

— Ja, nett no ligg byene ut i havet, men i morgon kjem pålandsvinden, og då vil det driva inn til land.

Det er altså venta snø over heile fylket, men mest på kysten.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fylgje Soldal blir det jamnt med snø heile døgnet, men aller mest frå morgonen av og utover ettermiddagen. Frå ettermiddagen vil det også blåsa litt opp.

Medan fredagen starta med tosifra kuldegrader, blir det langt mildare laurdag.

— Eg vil tippa at temperaturen ligg på rundt null grader og kanskje ned til et par minusgrader. Ikkje iskaldt, med andre ord, seier ho.

Med 24 timars tett snøvêr er det berre for brøytemannskap og entreprenørar å avlysa helgekosen.

— Ja, det vil nok gå i eitt for dei som skal brøyta.