Ingeniør: Runar Lunde er utdanna ingeniør, med kompetanse innan byutvikling og urban design. Foto: Karmøy kommune

Han blir ny kommunalsjef

– Eg er svært nøgd med å ha fått Runar med på laget.

Runar Lunde (33) blir ny kommunalsjef for Samfunn, næring og miljø i Bjørnafjorden kommune. Han kjem frå stillinga som leiar for areal og byggesak i Karmøy kommune. Det opplyser Bjørnafjorden kommune.

Lunde er utdanna ingeniør, med kompetanse innan byutvikling og urban design. Han har også erfaring frå det private næringslivet, mellom anna som prosjektleiar hos OBOS Block Watne.

– Eg er svært nøgd med å ha fått Runar med på laget. Han har spennande og allsidig bakgrunn, og er opptatt av god dialog med både innbyggarar, tiltakshavarar, næringsliv og tilsette. Han har glimrande referansar og har gjort eit solid inntrykk, seier kommunedirektør Christian Fredrik Fotland til nettsida til kommunen.

Lunde startar i stillinga i månadsskiftet september/oktober 2022.