Leiar: Espen Storum er i dag leiar for førebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning.

Han er tilsett som ny brannsjef i Bjørnafjorden kommune

Espen Storum startar i jobben som brannsjef med det same.

Storum er i dag leiar for førebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning, og startar i jobben som brannsjef med det same. Han tek over etter Eivind Hovden, som sa opp stillinga tidlegare i haust. Det opplyser kommunen.

Storum er utdanna branningeniør og har i tillegg ein mastergrad i organisasjon og leiing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er svært glad for at Bjørnafjorden kommune allereie har slike talent i organisasjonen. Espen gjorde eit solid inntrykk gjennom rekrutteringsprosessen, og har vist at han har gode og framtidsretta visjonar for Bjørnafjorden brann og redning, kommenterer kommunalsjef for samfunn, næring og miljø i Bjørnafjorden kommune, Runar Lunde.

Dei tilsette i Bjørnafjorden brann og redning blei informerte om tilsettinga på eit allmøte i dag, onsdag, skriv kommunen.