Vann ikkje kampen: Kjell Bagne (67) gjorde alt han kunne for å redda måsen, men han lukkast diverre ikkje før det var for seint.

– Han kjempa for livet for å koma seg laus

Kjell Bagne (67) fekk ei oppleving utan om det vanlege då han skulle fiska i Oselva tysdag.

– Det var ei kjedeleg sak. Ekkelt å sjå at måsen tapte kampen, seier Bagne.

Bagne er ofte i elva for å fiska. Fiskeentusiasten pensjonerte seg for eit par år sidan, og har dermed meir tid til til hobbyen no enn tidlegare då han jobba i byggjebransjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har ein teori om kva som har skjedd

Tysdag føremiddag då han gjekk ved den gamle fiskebryggja i Kremretten om lag midt oppe i Oselva, såg han det han først trudde var ei svane ute i elva. Då han kom nærmare såg han at det var ein måse.

– Eg forstod ikkje heilt kva eg såg først. Då eg kom nærmare såg eg at det var ein måse som kjempa for livet for å koma seg laus, seier Bagne og legg til:

– Eg kunne ikkje sjå sluken, men eg kunne skimta noko som såg som ein sildsluk. Det står nokre pålar att frå den gamle bryggja. Det står ein litt ute i elva, og min teori er at nokon har sett sluken fast der, og så har han blitt hengjande. Min teori er at måsen har trudd at dette var mat og stupt ned for å ta fisken. Det var ein flytewobblar, så han har nok lege i overflata på vatnet.

Tapte kampen

Bagne reagerte kjapt og starta med å kutta ned greiner for å laga ein provisorisk håv. Han prøvde å få fuglen inn til land, men det var ikkje lett.

– Kvar gong eg kom bort til han, plaska han vekk frå meg. Det var rett før eg sjølv hamna på elva. Det kom ein person til for å hjelpa, men vi lukkast ikkje.

Måsen tapte kampen. Bagne var bestemt på at dei skulle få fuglen i land. Han trur at det i dette tilfelle nok er snakk om eit uhell, men han at det nok ikkje er alle som legg at slukar og andre ting ved elva, som er uheldige.

Ivrig fiskar: Bagne er ein ivrig flugefiskar. Tysdag skulle han fiska i Kremretten og opplevde noko han aldri før har opplevd.

– Som å skita i sitt eige reir

– Det har vore mykje verre tidlegare. I dag er det ikkje så gale, men det skjer at eg ser lange scener med sluk som ligg på land. Det går dyr langs elva også. Dette er ein stad der ein skal hyggja seg. Ved å ikkje rydda etter seg, er det litt som å skita i sitt eige reir. Det er litt rart å halda på slik, seier Bagne.

Bagne har vore ivrig fiskar i lang tid. Det er flugefiske som er tingen for han. Bagne har aldri tidlegare opplevd noko liknande det han var ute for tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har kroka meg sjølv nokre gonger, og vore to gonger på legevakta. Av og til sit dei så godt at ein må ha hjelp til å få dei ut. Dette er noko som skjer. Særleg ved flugefiske. Då fyk sluken litt her og der, seier Bagne.