Arbeidarpartiet, her representert ved ordførar Atle Kvåle (Ap), har i lag med dei andre koalisjonspartia, Frp, KrF og V, kome fram til eit handlingsprogram for den komande kommunestyreperioden.
Arbeidarpartiet, her representert ved ordførar Atle Kvåle (Ap), har i lag med dei andre koalisjonspartia, Frp, KrF og V, kome fram til eit handlingsprogram for den komande kommunestyreperioden.

Handling foran ord?

- Vi har sju barneskular og 26 førsteklassingar. Det seier seg sjølv at vi er nøydde til å gjera noko, seier ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap).

Sidan valet 14. september har koalisjonspartia i Fusa, Ap, Frp, KrF og V, arbeidd med eit handlingsprogram for komande kommunestyreperiode.

- Vi har brukt lang tid på handlingsprogrammet. Det har vore heilt bevisst. Vi har jobba, hatt pausar, og jobba vidare. Det er viktig at handlingsprogrammet er godt foranskra i alle dei fire partia, og at alle er nøgde med det som står i programmet, seier Kvåle i samband med at programmet no er klart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein bærekraftig kommuneøkonomi er det viktigaste punktet i programmet. Partia vil arbeida for at kommunen får ein økonomi "som gjev oss eit nødvendig handlingsrom, og som stettar krava frå overordna organ".

På den andre sida seier partia at dei vil arbeida for at eigedomsskatten ikkje vert auka.

- Økonomien til kommunen må prioriterast spesielt, og særleg i starten av perioden, heiter det i programmet.

Mot privatskular

Ap, Frp, KrF og V vil ha offentlege og framtidsretta skular med høg kvalitet.

Av den grunn vil partia arbeida for gode rammevilkår for skulane i kommunen, og mot etablering av privatskular.

- Me meiner at tida er inne for å redusera talet på skular, skriv koalisjonspartia i programmet.

Kvåle utdjupar:

- Valresultatet viser at skulesaka er overmogen i Fusa, seier ordføraren og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ingenting i vegen for å laga verdas beste skule i Fusa dersom vi vil det. Det handlar berre om prioriteringar.

I handlingsprogrammet skriv partia vidare at dei vil etablera eit eige investeringsprogram for undervisingsmidlar og inventar på Fusa ungdomsskule. Koalisjonspartia vil dessutan sørgja for at full barnehagedekning vert oppretthalden, og at alle skulane i kommunen har tilbod om SFO.

Ingen konkurranseutsetjing

Koalisjonspartia vil arbeida for at det vert etablert eit legesenter på Leiro, og mot konkurranseutsetjing av kommunale tenester. Partia ønskjer å redusera omfanget av ufrivillig deltidsarbeid og få opp talet på friskmeldte.

Når det gjeld flyktningpolitikken, heiter det i programmet at partia vil "arbeida for å ta i mot flyktningar i tråd med eige kommuenstyrevedtak, og i tråd med ønskje og forventningar frå sentrale styresmakter".

- Framstegspartiet er godt nøgd med handlingsprogrammet. Vi er fire parti som skal samarbeida, og då må vi ta og gje, seier varaordførar Magne Djuvik (Frp).

- Det eg er veldig glad for at vi fekk gjenomslag for, er det som har vore vår hovudsak i lang tid, nemleg inga auke i eigedomsskatten, legg vararordøraren til.

- Er det nokre punkt som har vore vanskelegare å godta enn andre?

- Nei, vi meiner formuleringane i handlingsprogrammet er godt innanfor det programmet Framstegspartiet gjekk til val på, seier Djuvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny idrettshall i 2016

Ap, Frp, KrF og V meiner nøkkelen til vekst i Fusa, er næring, samferdsle og planarbeid. Partia vil difor, i lag med alliansepartnarar som nabokommunar, Hordaland fylkeskommune og staten, satsa målretta på samferdsle.

Partia går òg inn for å behalda dei kommunale vegane i Fusa, slik dei er i dag, å etablera eit tett og forpliktande samarbeid med næringslivet i kommunen, å sikra gode rammevilkår for landbruket i Fusa, å auka verdiskapinga i skogbruket og å leggja til rette for bærekraftig utvikling i oppdrettsnæringa.

I handlingsprogrammet skriv koalisjonspartia at dei vil bidra til gode rammebetingelsar for utvikling i eksisterande, og nye næringar.

Partia vil ha fokus på vekst og utvikling av tettstaden Eikelandsosen. Dei seier nei til sundagsopne butikkar og vil arbeida for ei raskare byggjesakshandsaming i kommunen.

Når det gjeld kommunereforma, vil partia arbeida for konstruktive løysingar som har som mål at innbyggjarane får eit best mogleg tenestetilbod.

Til sist lovar partia at fleirbrukshallen skal ferdigstillast i 2016, og å styrkja Fusa frivilligsentral og kulturbudsjettet til kommunen.

- Vi er fire ulike parti med fire ulike innfallsvinkler. Samstundes har vi mange samanfallande saker i programma våre. Det viktigaste er at alle kjenner seg att i handlingsprogrammet, som eg meiner er både godt og spennande, seier Kvåle.

- Alle partia er samde om at prioritet éin dei neste åra, er å få orden på Fusa kommune sin økonomi. Det er eg veldig glad for, seier Djuvik.