Passasjen ved Bjørn Knarvik sin tomt (til høgre) har vore ein nøtt for Os kommune. No meiner dei å ha løysinga. Spørsmålet er om Statens Vegvesen, som eig vegen, er samd.
Passasjen ved Bjørn Knarvik sin tomt (til høgre) har vore ein nøtt for Os kommune. No meiner dei å ha løysinga. Spørsmålet er om Statens Vegvesen, som eig vegen, er samd.

Håpar vegvesenet godtek løysinga

Den trange passasjen ved Bjørn Knarviks eigedom har vore ein nøtt for byggjarane av gang- og sykkelstien på Ulvenflata. No meiner dei å ha løysinga.

Arbeidet med å fullføra gang- og sykkelstien frå krysset ved Ådnadalen og fram til Irgenskrysset starta i september i fjor. Prosjektet var meint å vera ferdig tidleg i 2017, men eit par utfordringar dei har møtt på undervegs har seinka arbeidet.

- Det har i det store og heile gått greitt, men me har brukt litt tid på å finna ut korleis me skulle få plass til full gang- og sykkelsti langs ved vegen i den smale passasjen ved Bjørn Knarviks gard like før Irgenskrysset, vedgår prosjektleiar for gang- og sykkelstien, Odd Helge Henriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Løysinga er å flytta Knarviks tilkomstveg lengre inn på eigedommen hans.

- Me har ein god dialog med Knarvik og han har vore løysingsorientert. Ved å flytta vegen hans lengre inn på eigedommen hans, vil me få plass til gang- og sykkelsti også i denne passasjen, fortel Henriksen.

Håpar på ja frå Vegvesenet

Den siste tida er det blitt rydda plass for utviding av vegen også på motsett side av vegen for Knarviks eigedom. Til dei som måtte lura, så er dette altså ikkje ein permanent løysing.

Vegen som går opp til Bjørn Knarviks eigedom på venstreside bak i biletet. Vil bli flytta lenger inn på tomta hans, slik at det blir plass til den 2,5 meter breie gangvegen.
Vegen som går opp til Bjørn Knarviks eigedom på venstreside bak i biletet. Vil bli flytta lenger inn på tomta hans, slik at det blir plass til den 2,5 meter breie gangvegen.

- Eg har fått med meg at folk har lurt på om gang- og sykkelstien skulle over på denne sida i denne passasjen. Det er heldigvis ikkje tilfellet. Ei heller vert vegen utvida. Grunnen til at me har rydda plass på den sida av vegen er at me må laga ein mellombels veg der, for at me skal få plass til å jobba vidare med gang- og sykkelstien på Knarviks side av vegen, forklarar Henriksen.

I desse dagar sender dei teikningane til Statens Vegvesen for å få løyve til å fullføra planane for dette siste strekket.

- Ettersom dette er ein fylkesveg er me nøydde til å få godkjenning frå Vegvesenet. No har me fått laga nokre 3D-teikningar som dei skal sjå på, så får me berre håpa at dei synest løysingane våre ser gode nok ut, seier prosjektleiaren.

2,5 meter brei

Endå så trongt det ser ut der i dag, har Os kommune planar for å fullføra gang- og sykkelstien med full breidde også forbi dette punktet.

- Me har teikna gang- og sykkelstien 2,5 meter brei heile vegen. Me håpar Vegvesenet går god for dette. Denne breidda er nemleg viktig for at me skal kunna måka gangstien om vinteren, forklarar Henriksen.