Team: Leiar for frivilligsentralen, Tove Hille (t.v.), i lag med ungdomane Martin Roksvåg, Sara Heggland og John Philip Askeland på BUA.

Håper fleire får opp augene for gratisutstyret: Dette var mest populært på BUA i fjor

Rett i overkant av 90 brukarar har registrert seg og lånt utstyr frå utlånssentralen BUA i Bjørnafjorden.

— Sparkesyklane er nok like populære no som i sommar, faktisk, seier Martin Roksvåg.

Sidan midten av juni har bjørnafjordingar kunna låna alt frå telt og frisbee, til sparkesyklar, SUP-brett, skøyter og ski. Nett no er utstyret som skrik sommar, som SUP-brett, pakka bort på lager. Utstyrsparken veks, og det er ikkje alt det er rom for å ha på utstilling i Os Næringspark, der lånesentralen BUA held til.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Her er det fantastiske teamet, seier leiar for frivilligsentralen, Tove Hille, og peikar på tre ungdomar.

Dei tre er deltidstilsette, og er på plass i BUA to gonger i veka, på innleveringsdagen tysdag og utleveringsdagen torsdag. I sommar fortalde Sara Heggland (24), Martin Roksvåg (18) og John Philip Askeland (18) om den store pågangen for å få tak i SUP-brett.

Dei kan i dag fortelja at det er flest vaksne som kjem for å låna utstyr. Gjerne i samband med familieaktivitetar. Faktisk, er det registrert 80 utlån til aldersgruppa 40—49 år. Det er 45 prosent av alle utlån som er gjort det siste halve året. Totalt er det 90 personar som har registrert seg med brukar i BUA.

— Vi opplever at det er relativt få ungdom som kjem innom åleine. Kanskje har dei ikkje heilt fått med seg at det er mogleg å låna gratis utstyr her, seier Heggland og legg til:

— Det er jo positivt både i eit miljøperspektiv og med tanke på folkehelse, at ein kan låna utstyr til aktivitetar.

Statistikk: Tala så langt ser slik ut.

Det er også økonomisk, skyt Askeland inn.

— Ein kan prøva noko ein ønskjer seg, før ein eventuelt kjøper det sjølv.

“Utstyrsparken” veks, og det kjem han til å gjera framover også. Rett før jul fylde Hille bilen med utstyr. Innan mars må dei bruka midlar som dei har fått, øyremerkt til innkjøp av utstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi kjem til å handla inn litt med tanke på sesongen som kjem, seier ho.

Dei legg ikkje skjul på at dei ønskjer at fleire skal koma inn og bruka tilbodet.

— Vi må setja oss eit ambisiøst mål. Kanskje vi skal seia 500 brukarar ved årsslutt, seier Hille og ler.

— Det er jo heilt genialt. Det er for born og unge, for foreldre. Besteforeldre som meg også. Vi kan jo ikkje ha alt utstyr liggjande. Det seier seg sjølv. Då kan vi stikka innom her og låna utstyr til aktivitetar med barnebarn.

Dei har ikkje sett ei grense på kor mykje utstyr ein person får lov til å ta med seg. Det måtte dei gjera med SUP-bretta, men elles er det lov til å ta med seg det ein treng.

— Vi har opplevd svært lite problem i forhold til utlån. Det er nokre som har rota bort ein frisbee eller ein fiskesluk, og då vil dei gjera opp for seg. Så strenge er vi ikkje, seier Roksvåg.