Politiet trappar opp søket etter Elin Merete Angermund som sist vart set ved Kiwi i Skjoldskiftet.
Politiet trappar opp søket etter Elin Merete Angermund som sist vart set ved Kiwi i Skjoldskiftet.

Har du sett denne kvinna?

Politiet går no ut med namn og bilete av den sakna kvinna som forsvann frå Nesttun torsdag.

52 år gamle Elin Merete Angermund vart sist sett torsdag ettermiddag ved KIWI i Skjoldskiftet.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit skildrar kvinna som 165 cm høg, slank og med brunt hår. Ho skal ha vore iført knelang regnkåpe, mørkeblå dongeribukse og mørke tøysko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan vera kvar som helst

Fredag kveld og laurdag pågår søk etter kvinna med hjelp frå redningshundar og Raude krossen. Sidan kvinna vart observert ikkje langt frå eit kollektivknutepunkt, er det ikkje umogleg at ho kan ha teke vegen også i retning Os. Politiet seier at ho kan vera kvar som helst, og har distribuert bilete av henne til alle avisredaksjonar på Vestlandet. Dette bilete vert publisert i samråd med familien hennar.

Politiet ber om at tips og observasjonar blir sende til Vest politidistrikt på TLF 02800.