Ekstra: Kommunen har å fått ein ekstra vaksineleveranse og har dermed mange ledige plassar.

Har fått ekstra vaksineleveranse - har mange ledige timar

Er du fødd i 2003 eller før og bur eller oppheld deg i Bjørnafjorden kommune? Då kan du få dose 1 av koronavaksinen allereie denne veka.

Det opplyser kommunen på sine heimesider.

Grunnen er at kommunen har å fått ein ekstra vaksineleveranse og dermed har mange ledige plassar. Dette gjeld for Eikelandsosen onsdag 4. og på Os fredag 6. august. Kommuneoverlegen melder at det òg er mange ledige plassar neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette gjeld førebels berre for personar som skal ha første vaksinedose. Dersom du ventar på dose 2, skal du halde deg til datoen som er sett, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.