Ver obs når du er ute på vegen i dag.

Har fått mange meldingar laurdag: Åtvarer om isnedfall

Årsaka er mildvêret.

Laurdag morgon kjem Vegtrafikksentralen med ei åtvaring om isnedfall som endar i vegbana.

Dei har fått fleire meldingar frå bilistar om dette. Årsaka er naturleg nok det pågåande milde vêret.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dersom ein køyrer ei strekning der ein veit at det heng mykje is på fjellsidene langs vegen, bør ein vera ekstra merksam, heiter det i ei melding på X.