På plass: Då er dei første skilta på plass på nord-vest-sida av idrettsanlegget på Nore Neset.

Har fått opp skilt: Rår born og unge til å vera forsiktige

Denne veka kom dei første skilta om dei djupe myrhola opp ved Nore Neset idrettsplass.

Etter litt att og fram vart det klart at Nore Neset IL var blant eigarane av myrområdet med dei store myrhola nord-vest for idrettsanlegget på Nore Neset.

Les også
To meter djupe myrhol har skapt uro: — Me skal få opp skilt og sikra området så godt me kan

No har idrettslaget teke affære.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me meiner det er viktig å ta ansvar for å opplysa om at det finst myrhol som kan vera djupe og farlege. Difor har me no fått opp tre skilt, seier dagleg leiar i Nore Neset IL, Eirik André Hesthamar.

Han legg til at dei har brukt lokale Lator skilt til oppdraget.

Saka kom opp tidleg i haust då vaksne brukarar av radiobil-banen oppdaga at nokre av myrhola i dette området var heile to meter djupe.

Les også
Åtvarar mot to meter djupe myrhol: — Desse bør sikrast

Sidan var Erik Walden frå Bjørnafjorden brann- og redning på befaring der. Han var klar på at det i alle fall var på sin plass å få opp skilt.

– No har frosten sleppt, og dei første skilta er på plass, kommenterer Hesthamar.

Han utelukkar ikkje at dei også vil gjera meir for å sikra myrhola i tida som kjem.