Har kontroll: Brannvesenet, her ved innsatsleiar Martin Austgulen og varabrannsjef Erik Walden, har kontroll etter branntilløpet i Ulvenvegen fredag ettermiddag.

Har kontroll på brannen - held på med utlufting

Brannvesenet har kontroll etter at det oppstod opne flammar i ein metallherdar i det gamle Rolls Royce-bygget i Ulvenvegen fredag.

– Det var opne flammar og røykutvikling. Vi har kontroll no, og held på med utlufting i bygget, seier innsatsleiar Martin Austgulen.

Ventilasjonen i bygget har smelta og røyken har difor spreidd seg til heile bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesenet sjekkar no om det er kome skadar i taket etter brannen.

Det vart først sendt inn røykdykkarar i bygget.

Sjekkar for skadar: Brannvesenet sjekkar no om det er kome skadar i taket etter brannen.