Os vidaregåande har ved hjelp av fleire verkemidlar lukkast med å halvera fråfallet ved skulen. Vaffelsteiking er ikkje av tiltaka, men litt kos i kvardagen skader heller ikkje. Her er det VG2-elevane i helsefagarbeidar-klassen som gjer seg klare til vaflar i klasserommet.
Os vidaregåande har ved hjelp av fleire verkemidlar lukkast med å halvera fråfallet ved skulen. Vaffelsteiking er ikkje av tiltaka, men litt kos i kvardagen skader heller ikkje. Her er det VG2-elevane i helsefagarbeidar-klassen som gjer seg klare til vaflar i klasserommet.

Har lukkast i å halverta fråfallet

Os vidaregåande har fått bukt med store delar av fråfallet. Ein av grunnane er meir helsesøstertid ved skulen.

- Vi har hatt ei veldig positiv utvikling frå 10 prosent fråfall i skuleåret 2013/2014, til 3,4 året etter og litt høgare igjen, med fem prosent førre skuleår, fortel assisterande rektor ved Os vidaregåande, Audhild Tveiterås.

Totalt gir dette ei halvering i forhold til før.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mykje av fråfallet er heilt klart knytt til helseproblem, derfor er vi veldig glade for at vi har fått auka helsesøsterstillinga ved skulen.

Meir tilgjengeleg

Tidlegare var stillinga på 40 prosent, som er langt under det anbefalte.

Skulen opplevde at elevane klaga mykje på at dei hadde dårleg tilgang på helsesøster.

Skulen sakna meir støtte til dette frå Os kommune. Så lyste helsedepartementet ut midlar, og saman med kommunen fekk skulen innvilga eitt år med støtte.

- Vi ser at det var veldig vellukka. Helsesøster blei meir tilgjengeleg etter auken og etter at vi ordna eige kontor på skulen. Det er færre som klagar no, seier Tveiterås.

- Jobbar målretta

Resultatet var så bra at ein ønskte å vidareføra ordninga. Derfor betaler Os kommune no 20 prosent og Os vidaregåande 20 prosent av dei ekstra 40 prosentane.

- Vi er verkeleg nøgde med dette samarbeidet med kommunen. I tillegg har vi styrkt rådgjevartenesta, seier Tveiterås.

Ho seier skulen på generell basis jobbar målretta og konkret med bevisste haldningar kring dette med fråvær.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi prøver å vera tett på elevane og ha eit positivt elevsyn.

Tredje best i Hordaland

I april i år vart det også klart at Os vidaregåande skule gjorde det svært bra då alle landets vidaregåande skulen vart samanlikna på kvalitet.

Skulen havna på ein delt tredjeplass i Hordaland og blei nummer 13 på landsbasis.

Det blei sett karakterar frå ein til seks når skulane blei målte på sju ulike faktorar: Fullføring, deltaking, normert progresjon, normert fullføring, standpunktkarakter, norskeksamen og skriftleg eksamen.

Målet med undersøkinga var å sjå kor mykje kvar enkelt skule betyr for om eleven greier å fullføra eller ikkje, og kva karakter eleven får.

- Vi er veldig glade for dette resultatet, seier Tveiterås, som får støtte frå ein av skulens rådgjevarar, Ingrid Lund Eide.

God effekt av nye fråværsreglar

Nye fråværsreglar har også bidrege til lågare dags- og timefråvær, kan rådgjevar Lund Eide fortelja.

- Dagfråværet har gått ned med nesten 50 prosent og timefråværet har også gått mykje ned, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Administrasjonen og lærarstaben opplever at elevar og foreldre har ein del spørsmål knytt til det nye reglementet, men Lund Eide trur dette vil gå seg til ettersom alle kjem betre inn i det og skulen får utarbeidd ein klår praksis som er lik for alle.

- Elevar som har planlagt glattkøyring og liknande lurer på om dei kan søkja om sjølvstendig studiearbeid. Dette er slikt vi må finna ein praksis for, seier ho.

- Skjerpar seg

Ellers meiner ho dei nye reglane har fått elevane til å skjerpa seg.

- Det er ikkje så lett å skulka om ein er trøtt ein dag. Dette opplever vi som positivt, seier ho.

Den nye fråværsgrensa på 10 prosent gjeld udokumentert fråvær.

- Så kan rektor godkjenna inn til 15 prosent, forklarer Lund Eide.

Det er også klåre linjer for dei med kronisk sjukdom som kan få stryka inntil 10 dagar fråvær.