Kerem Duvarci og Elin Moberg i elevrådet på Os ungdomsskule fortel at dei har klart seg fint utan mobil for ein dag.
Kerem Duvarci og Elin Moberg i elevrådet på Os ungdomsskule fortel at dei har klart seg fint utan mobil for ein dag.

Har mobilforbod ein dag i veka

Etter initiativ frå elevar sjølv, gjekk eit prøveprosjekt av stabelen på Os ungdomsskule i dag. Elevane måtte levera frå seg mobilane ved skulestart, og fekk han ikkje tilbake før skuledagen var omme.

I fjor tok elevrådet ved Os ungdomsskule initiativ til ein mobilfri dag i veka. Det blei diskutert fram og tilbake. FAU blei kopla på, skule og miljøutvalet såg på saka, før også samarbeidsutvalet tok stilling til forslaget. Slik blei “mobilfri tysdag” til, og alle elevane på skulen tek del.

– I dag er på ein måte ein historisk dag på Os ungdomsskule, seier nestleiar i elevrådet, Kerem Duvarci (15).

Artikkelen held fram under annonsen.

Prøveprosjektet går frå januar til juni. Då skal det evaluerast. Elevinspektør Therese Johnsen seier at det ikkje er uaktuelt å utvida “mobilforbodet”.

– Men først må vi evaluera korleis det har gått desse seks månadene. Vi veit også at det er nokre elevar som synest det er mykje støy i kantina, og at dei ønskjer å ha på seg hovudtelefonar. Det er også elevar som er litt einsame, og som slit med å ta kontakt med andre elevar. Det kan henda at nokon får særavtalar, seier ho.

Vil unngå mobbing

Os og Fusaposten trefte elevrådsleiar Elin Moberg og nestleiar Duvarci mot slutten av skuledagen tysdag.

– Korleis har det gått?

– Eg har ikkje merka at eg ikkje har hatt mobilen, seier ho.

Det har ikkje Duvarci heller.

– Det einaste eg har lagt merke til er at det er stress å finna ut kva klokka er. Då må eg finna ei klokke, seier han.

Forslaget møtte litt motbør, og det var ifølgje nestleiaren ikkje alle som ønskte å gje frå seg mobilen. Mobilane blei anten samla inn av læraren, eller så måtte dei liggja i skapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så i teorien kunne dei som hadde mobilen i skapet, berre henta han ut?

– Det er ikkje slik at vi har gått og overvaka elevane. Det er ikkje ein katt og mus-leik, men vi har følgt med. Det er så vidt eg veit ingen som har blitt tatt med mobil i dag, seier Johnsen.

Dei som hadde blitt ferska, ville fått ein ordensmerknad og dei måtte gitt frå seg mobilen til dagen var omme.

Meir sosiale

Grunnen til at elevane ønskte ein mobilfri dag i veka, er for å folk til å sosialisera seg meir.

– Dei fleste sit med mobilane sine i friminutta. Vi snakkar også, men dei fleste har mobilane i nevane, seier Moberg.

– De er ikkje ute og er aktive i friminutta altså?

– Nei, eller det er nokre som driv på med leikar med ball. Det er så mykje stygt vêr uansett, så det er ikkje så kjekt å vera ute, seier elevrådsleiaren.

Ein annan grunn til at prøveprosjektet, er at det har vore nokre tilfelle med mobbing ved bruk av mobiltelefon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har hatt ein del saker kor elevar har delt bilete eller tekstar av medelevar. Heldigvis har vi mange flinke elevar som melder frå om dette. Dette er ikkje sladring. Det er å bry seg om medelevane, seier Johnsen.