Tok tre døgn: Tre døgn etter at Bjørnafjorden Pride kom med innbyggjarinitiativet, har dei samla nok underskrifter til at kommunestyret må handsama forslaget.

Har nådd 300 underskrifter: – Det første steget for å gjera Bjørnafjorden meir inkluderande

Innbyggjarforslaget frå Bjørnafjorden Pride kom i mål på tre døgn, og skal no handsamast i kommunestyret.

Førre veke kom organisasjonen med eit innbyggjarforslag. Dei ønskjer ein handlingsplan for mangfald og inkludering.

Samla dei 300 underskrifter, er kommunestyret lovpålagt å handsama forslaget. Det har dei no lukkast med. I kommunestyret torsdag var det fleire politikarar som utrykte seg positivt, som fortalte at dei sjølv hadde skrive under, og oppmoda fleire til å gjera det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var i samband med interpellasjonen til Magne Djuvik, som ba kommunen om å «tydeleg anerkjenna naturens to kjønn».

– Takk til alle som har signert. Takk til alle som har hjelpt oss med å dela innbyggjarinitiativet og takk til alle politikarar som heia på oss frå talarstolen på kommunestyremøtet torsdag. Dette er første trinn til å gjera Bjørnafjorden til ein meir inkluderande kommune. skriv Bjørnafjorden Pride på Facebook.

Les også
Kan paraden bli for stor? — Det er i så fall eit luksusproblem