Katrine Heggland og kollegaene i "Nordisk Rom" har hatt god vekst i inntektene etter at dei flytta til Leganger-bygget.
Katrine Heggland og kollegaene i "Nordisk Rom" har hatt god vekst i inntektene etter at dei flytta til Leganger-bygget.

Har omsett for ein halv million denne månaden

Ho tok ein sjanse då ho flytta frå Brugata til Leganger-bygget i vår. I dag kan Katrine Heggland slå fast at ho gjorde eit smart val.

Eigaren av «Nordisk Rom» gjekk lenge og drøymde om det tomme lokalet i førstehøgda i Legangerbygget før ho tok kontakt med eigarane i Joa-gruppen Eiendom. Ho var rett og slutt usikker på om skulle våga å satsa på ei såpass stor utviding.

- Eg var lenge i stuss, men hoppa til slutt i det. I dag angrar eg ikkje eit sekund. Lokaliseringa er fenomenal og den store boltreplassen gjer at eg kan tilby kundane langt fleire og assorterte varer, seier Katrine Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svært god omsetning

Litt over eit halvt år etter flyttinga kan Katrine slå fast at satsinga har løna seg. Ho har rett nok fått høgare driftskostnader og eit større varelagar å husa, men resultata så langt viser at butikken har berekraftig drift.

- Eg har ikkje finrekna på resultata for dei føregåande månadane, men pila peikar oppover. Til no i desember har me omsett for ein halv million kroner. Det må me seia oss svært nøgde med, seier ho.

Ho er ikkje i tvil om kva som er hovudgrunnen til den positive utviklinga.

- Det å kunne ha mykje varer, men framleis ha plass til at folk kan gå her med barnevogn, er noko av det eg set mest pris på med det nye lokalet, seier Katrine.
- Det å kunne ha mykje varer, men framleis ha plass til at folk kan gå her med barnevogn, er noko av det eg set mest pris på med det nye lokalet, seier Katrine.
Katrine Heggland er ikkje i tvil om kva ho har selt mest av i førjulsmånaden. Sølv-vasen i midten vert kanskje å finna under ein del juletre i Os på torsdag.
Katrine Heggland er ikkje i tvil om kva ho har selt mest av i førjulsmånaden. Sølv-vasen i midten vert kanskje å finna under ein del juletre i Os på torsdag.

- Det handlar om å bli sett. Lokaliseringa her ved "inngangen" til Osøyro er heilt perfekt. Tidlegare hadde eg kundar som hadde "bestemt seg" for at dei skulle til Osyøro, og at dei skulle innom «Nordisk Rom». No opplever eg stadig oftare at folk er på Osøyro i andre ærend, får tilfeldig auge på butikken vår, og stikk innom, fortel Katrine.

Fleire på jobb

Ho har sjølvsagt høgare driftskostnader med ein dobbelt så stor butikk. Også utgifter til tilsette har naturleg nok auka.

- Eg brukar dei same som før, men dei jobbar meir. Niesa mi, Kine Heggland, jobbar no to dagar i veka. I tillegg er Jannicke Knudsen og dottera mi Sara Heggland litt oftare på jobb, spesielt no i høgtidsmånaden desember, seier ho.

Vase-race

Med fare for å røpa ein del av julegåvene som kjem til å liggja under trea på torsdag, røper Katrine kva ho har selt mest av denne adventsmånaden.

- Det må vera desse sølv-vasene her. Dei har eg eigentleg seldt mykje av i mange år, men no i desember har det teke heilt av. Me har garantert selt 50-60 stykk, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Så får me berre håpa dei fell i smak hos dei som får dei, legg ho til.