Alle er testa: Alle elevane er no testa. Dei fleste fekk svar i går. Resten vil få svar i løpet av dagen.

Har påvist to nye tilfelle etter utbrotet på Kongshaug

Det opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

– Me fekk opplyst om eitt tilfelle i dag (fredag). Eg har også fått opplyst at ein elev har testa positivt i heimkommunen. Vedkomande vart sjuk i helga. Det totale antallet er no seks elevar, seier Melf.

Les også
Fire elevar ved Kongshaug Musikkgymnas har testa positivt. Heile skulen i karantene

Alle elevane er no testa. Dei fleste fekk svar i går. Resten vil få svar i løpet av dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fem positive som er att på Kongshaug, er flytta til eit eige isolasjonsbygg.

– Ellers har dei god kontroll med kohortinndeling og smittevernrutinar. Vi har ingen haldepunkt på at smitten har spreidd seg utad, seier Melf.

Les også
Underlege dagar på Kongshaug: — Held humøret oppe med dårleg humor og rare leikar