Ettersløkking: Brannvesenet har kontroll på brannen og driv ettersløkking.

Veit truleg årsaka til grasbrannen nær Er-An

Eit område på 30 x 40 meter brann ned tysdag ettermiddag.

Meldinga i halv fem-tida tysdag gjekk på grasbrann like ved Osvegen nokre hundre meter frå kommunegrensa.

Det var ingen bygningar i umiddelbar nærleik til brannstaden, og politiet og brannvesen kom raskt fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesenet fekk kontroll på brannen og dynka det 30 x 40 meter store området i etterkant.

Klokka 17.10 melder politiet på Twitter at årsaka truleg er gneistar frå eksosrøret på ein traktor.

Politiet opprettar sak.