Austre delar: Varselet gjeld snøskredområdet Voss og Hardanger som austre delar av Bjørnafjorden ligg inn under.

Har sendt ut raudt farevarsel for snøskred

NVE har sendt ut varsel om stor snøskredfare for område som Bjørnafjorden er del av.

Varselet gjeld snøskredområdet Voss og Hardanger som austre delar av Bjørnafjorden ligg inn under. Ferdsel i skredterreng vert ikkje tilrådd, og skred kan treffa skredutsette vegar og busetnad.

Det raude farevarselet gjeld frå natt til fredag og utover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt i dag, torsdag, gjeld oransje farevarsel for skred i denne delen av kommunen.

Fredag er det også sendt ut oransje farevarsel for jord-, sørpe- og flaumskredfare for heile kommunen.

Det er også sendt ut gult farvarsel for svært mykje regn og flaum.

Raudt farevarsel: Konsekvensar og tilrådingar

Tilrådingar

Beredskapsmynde skal vurdera fortløpande behov for beredskap og førebyggjande tiltak

Hald deg unna bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring

Hald stikkrenner, kummer og andre vassvegar frie for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv

Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsaka skred

Hald deg oppdatert om utviklinga av veret, skred- og flaumsituasjonen, og følg med på verradaren

Konsekvensar

Fleire skredhendingar er venta

Nokre kan få store konsekvensar

Utsett busetnad kan bli berørt

Framkome på veg eller jernbane kan bli redusert

Flaumskred har lang rekkevidde og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det vert løyst ut høgt i terrenget