Risikovurdering: – Vi oppmodar alle kommunar om å ta kontakt med lokalt politi med tanke på å gjera ei felles risikovurdering, seier Statsforvaltaren.

Har sendt ut varsel om flaum- og jordskredfare

NVE har sendt ut varsel om fare for flaum og jord-, sørpe- og flaumskred på oransje nivå for Vestland, gjeldande frå onsdag.

Det er meldt mykje regn, opp til 200 mm nedbør (regn) utsette stader i løpet av onsdag og torsdag. Saman med høg temperatur og sterk vind vil det gi stor snøsmelting i område med snødekke.

– Vi oppmodar alle kommunar om å ta kontakt med lokalt politi med tanke på å gjera ei felles risikovurdering, seier Statsforvaltaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han opplyser at NVE oppmodar om å starta førebuande tiltak allereie i dag, måndag.

– Dei seier at det er viktig å halda stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemt vatn kan føra til skred, påpeikar Statsforvaltaren.

NVE seier òg at kraftig erosjon i vassdrag stadvis kan utløysa mindre utglidingar, som kan redusera stabiliteten langs vassdraget.