Opningsdato: Prosjektleiar Kelly Iversen lettar på sløret for når det blir opning av nye E39.

Har sett arbeidsdato for vegopninga, så spørst det om det passar for alle som skal ta del

— Det kan enno drøya med endeleg opningsdato for Svegatjørn-Rådal. Det er mange det skal passa for, seier Kelly Iversen.

Prosjektleiaren for vegen ler godt når Os & Fusaposten nok ein gong er på tråden og fiskar etter opningsdatoen for den etterlengta «snarvegen» gjennom Endelausmarka og vidare til Bergen.

— Sist gav me deg månaden. No har me ein arbeidsdato. Er det hjelp i, ler Iversen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Datoen ho deler med oss er fredag 14. oktober.

— Dette er ein såkalla arbeidsdato som me har jobba utifrå den siste tida, men det er slett ikkje sikkert at det blir nett på den dagen snorklippinga finn stad, legg ho til.

Les også
Startar avgangar frå første dag: Reisetida med buss mellom Os og Bergen vil bli kraftig redusert

Må passa for ministrane

— Det har kanskje med kven som skal klippa denne snora og halda tale og den slags?

— Ja, her er det snakk om å opna ein veg som det har vore jobba med sidan 1970-talet. Arbeidet på vegen har pågått i sju år. Det er klart at dette er ein stor dag for oss her på Vestlandet. Då må det bli ei verdig opning, seier prosjektleiaren.

Ein vesentleg grunn til at ho ikkje trur fredag 14. oktober blir endeleg dato, er vekeplanen til ministrane.

— Det er ganske naturleg å venta seg ein samferdsleminister (Jon-Ivar Nygård, Ap) på ei slik opning. Normalt har vel ministrane møte i statsråd om fredagen, så kanskje den dagen ikkje er best eigna. Så skal det jo passa for mange andre også. Kommunerepresentantar frå både Bjørnafjorden og Bergen, seier Iversen.

— Kan me risikera å måtta venta til november, berre for at dei rette personane skal vera med?

— Neidå, vegen skal opnast i oktober, så sant ikkje noko heilt uføresett skjer, fastslår Iversen