Protest: Aurora Aksnes er blant mange artistar som har skrive under eit opprop mot at Israel får delta i årets internasjonale MGP-finale i Malmö.

Har skrive under i lag med 292 andre norske artistar

Artist-Noreg er ikkje stemt for at Israel skal få delta i MGP til våren. Aurora er blant dei mange som har skrive under.

Nesten 300 norske artistar har skrive under på eit opprop mot at Israel skal få delta i Eurovision i Malmö i mai.

— Me ønskjer at NRK skal ta meir ansvar i denne saka, seier ein av initiativtakarane, Marthe Valle, til NRK.no fredag formiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ane Brun, Aurora og Karpe er blant dei som har skrive under på oppropet. I alt er det 293 signaturar.

På lista finn me også ei rekke tidlegare MGP-artistar, som Ulrikke Brandstorp, Maria Haukaas Mittet, Jørn Hoel og Åge Aleksandersen.

Kultur og politikk

Pål Moddi Knutsen, kjent under artisnamnet Moddi, valde å skrive under fordi han har opplevd korleis Israel bruker kultur politisk.

— Eg har sjølv forsøkt å setja opp konsert i Israel, og opplevde at det blei sett på som ei støtte til Israels okkupasjon av Palestina. Kultur og sport blir brukt aktivt i det israelske samfunnet til å legitimera den noverande politikken, seier Moddi til NRK.

Det er artistane Marthe Valle og Marte Wulff som er initiativtakarar til oppropet. Valle seier dei ønskjer at NRK skal leggja press på EBU for å stengje Israel ute, slik dei gjorde med Russland i 2022.

— Me skulle helst ønskt me slapp å gjera dette. Me skulle ønskt NRK tok ansvar. Poenget med dette oppropet er å visa at det er mange stemmer som no seier ifrå om at Israel ikkje kan vera ein deltakar i Eurovision, seier ho til NRK.