Kriseleiing: Kommunens kriseleiing, der assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale er med, har diskutert korona-situasjonen i dag.

Har smittesituasjonen under kontroll: — Men dette er ikkje tida for å ta sjansar

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale fortel at kommunen førebels ikkje innfører strengare tiltak og restriksjonar.

Dei siste par dagane er det meldt om fem nye tilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden.

— Eg forstår veldig godt at folk blir litt urolege. Med tanke på dei ekstra restriksjonane vi har hatt tidlegare i år, kan det verke uforståeleg at vi ikkje kjem med strengare tiltak no når talet på smitta er såpass høgt, seier assisterande kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Jonas Nordvik Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette seier han i eit intervju på kommunens heimeside.

Kriseleiinga i kommunen diskuterte tysdag å innføra strengare tiltak og restriksjonar, men kom fram til at det førebels ikkje vil bli gjort endringar i dei gjeldande anbefalingane i Bjørnafjorden kommune.

Dei landa i staden på å vidareføre dei gjeldande tiltaka og anbefalingane.

— Men dersom vi skulle få ein situasjon med eit lokalt utbrot med ukjend smitteveg, vil dette kunne endre seg på kort varsel, seier assisterande kommuneoverlege.

Enkeltståande smittetilfelle, ikkje lokalt utbrot

— Vi fylgjer råda og retningslinjene frå Folkehelseinstituttet om kva for tiltak vi skal innføra og kva tid det er rett å innføra dei. Smittetalet er høgt. Samstundes er alle tilfella enkeltståande og med kjend smitteveg.

Han forklarer at det i hovudsak betyr at folk har vore ein tur i Bergen på jobb eller eit arrangement og teke med seg smitten heim til Bjørnafjorden, kor dei raskt har gått i karantene. I nokre tilfelle har familiemedlemer eller andre nærkontaktar blitt smitta, men smitten har stoppa der.

Nordvik Dale seier vidare at ein så langt har unngått lokale utbrot som i Bergen og ein del andre kommunar, der mange blir smitta utan at smittekjelda er kjend.

— I slike situasjonar må ein gjerne ty til strengare verkemiddel for å stogga smitten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje ta sjansar

— Førebels har vi smittesituasjonen under kontroll i Bjørnafjorden kommune, og vi ynskjer at folk i Bjørnafjorden skal leva og jobba så normalt som mogleg.

— Samstundes kan eg ikkje understreka nok kor viktig det er å hugsa det grunnleggjande: Hald avstand, vask hendene og hald deg heime dersom du er sjuk. Dette er ikkje tida for å ta sjansar, seier Nordvik Dale.