Åptte opne turar: Tanken er åtte opne turar ut frå Os sentrum gjerne via Solstrand.

Har søkt om 200.000 kroner til sommarrute frå Os sentrum - desse rutene er aktuelle

Midthordlandske Dampskibselskab AS går med planar om å oppretta sommarrute ut frå Os.

No har selskapet søkt kommunen om 200.000 kroner i KUP-midlar.

– Tanken er åtte opne turar ut frå Os sentrum gjerne via Solstrand og med forskjellige destinasjonar som Engevik Gaard, Mandelhuset, Bekkjarvik og t.d. Tysse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Felles for alle turane er to timar segling, to timar i land (bespisning) og to timer retur.

– Dette er tenkt som eit prøveprosjekt med ulike destinasjonar kvar gong. Me har snakka med både destinasjonar og politikarar på Bjørnefjordskonferansen og det var veldig positive tilbakemeldingar frå alle, skriv Helge Andersen i søknadsteksten.

Skulle selskapet bli tildelt ein mindre sum, vil dei likevel prøva å få sett prøveprosjektet ut i live, då med nokre færre turar.