Gjorde funn: Like etter kl 10 opplyste tenestadsleiar Anders Opsal at Kystvakta hadde gjort funn av ein omkomen mann i sjøen.

Leiteaksjonen på Holmefjord er avslutta: Kystvakta fann omkomen person i sjøen

– Alt tyder på at det er den sakna mannen.

Like før midnatt tysdag vart ein 82 år gamal mann meldt sakna frå heimeadressa si sentralt på Holmefjord.

Det vart gjort søk både i sjøen og på land.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like etter kl 10 opplyste tenestadsleiar Anders Opsal at Kystvakta hadde gjort funn av ein omkomen mann i sjøen.

– Vi har akkurat fått informasjon om at Kystvakta har funne ein person. Alt tyder på at det er den sakna mannen. Difor avsluttar leitinga no, sa Opsal.

Funnet vart meldt inn kl 09.50. Pårørande er varsla.

Politiet og frivillige starta søk etter mannen i natt.

Brannvesenet, Norske redningshundar og Røde Kors har også vore involverte i leiteaksjonen. I tillegg kom Kystvakta til onsdag morgon.

Leitemannskapet etablerte seg i bygdaheimen på Holmefjord.

– Det har vore ein vanskeleg aksjon, for vi har ikkje hatt klare indikasjonar på kor han kan ha vore. Vi har leita breitt og vidt. Det har vore mørkt, kaldt og vi har følt at vi har hatt tidspress på oss. Det har ikkje vore flyvêr for helikopter, men vi har brukt drone frå Norsk folkehjelp og brannvesenet.

Fire ekvipasjar med redningshundar var også del av aksjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opsal fortel at dei fekk dekt eit stort område gjennom natta og morgontimane.

– Vi starta med finsøk då dagslyset kom. På morgonen fekk vi også bistand frå Kystvakta som hadde undervassdrone og vanleg drone. Det var dei som fann mannen like før kl 10, fortel Opsal.

– Det har vore ein betydeleg innsats gjennom heile natta. Vi må få takka alle for innsatsen.