50 prosent: Vi nærmar oss at 50 % av befolkninga truleg har gjennomgått koronasjukdom.

Har truleg nådd smittetoppen, men forventar ein liten auke att

Kommunen registrerte 922 positive PCR- og sjølvtestar siste veke, mot 1.647 i veke 8.

Kommunen opplyser at Bjørnafjorden truleg har nådd smittetoppen for korona, men forventar likevel ein liten auke att etter vinterferien i veke 9.

– Mot midten av mars ventar vi nedgang i smittetala. Vi nærmar oss at 50 % av befolkninga truleg har gjennomgått koronasjukdom, opplyser kommunen på sine heimesider tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her skriv dei vidare at «det framleis er høg smittespreiing, auka sjukefråvær, stor belastning på fastlegar og legevakt (ikkje berre koronarelatert), utbrot i institusjon (dagsenter, sjukeheim) og utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus».

Kommunen har ikkje auke i alvorlege sjukdomsforløp og innleggingar. Men det er framleis stort press på tenestene, også i skule og barnehage, og kommunen følgjer utviklinga nøye.