Tredje dose: Mange fekk med seg nyheita onsdag om tredje dose koronavaksine til alle over 18 år.

Hardt pressa helseteneste får mange unødvendige telefonar. No endrar kommunen vaksine-praksis

Onsdag opplyste kommunen at det vert opna for tredje dose til alle over 18. No blir det ei endring i gjennomføringa av denne vaksineringa.

– Mange fekk med seg nyheita om tredje dose koronavaksine til alle over 18 år i går. Dessverre les ikkje alle at det er eit krav om minimum seks månader mellom andre og tredje dose (fem månader for 65+), og resultatet er at ei allereie hardt pressa helseteneste får mange unødvendige telefonar, skriv kommunen i ei pressemelding.

Fastlegekontora i Bjørnafjorden har ifølgje pressemeldinga ikkje kapasitet til å driva koronavaksinasjon for tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Difor har kommuneoverlegen bestemt at det inntil vidare er massevaksinasjon i Oshallen og Fjord’n senter som gjeld, skriv kommunen og held fram:

– Kort sagt: Bestill time for tredje dose i Oshallen/Fjord’n senter via heimesida til kommunen dersom du er over 18 år OG det har gått minst 6 månader sidan andre dose (5 mnd for 65+). Ikkje ring fastlegen.