Illustrasjonsfotoet syner ein hasjplantantasje det vart teke beslag i for to år sidan.
Illustrasjonsfotoet syner ein hasjplantantasje det vart teke beslag i for to år sidan.

Hasjplantasje og ruteknusing

Fusa lensmannskontor tok denne veka beslag i ein hasjplantasje. Dei ønskjer dessutan tips i ei sak knytt til hærverk på industriområde.

- I løpet av ei ransaking tok me denne veka beslag i ein cannabisplantasje i eit bustadhus i Fusa kommune, fortel politiførstebetjent ved Fusa lensmannskontor, Ove Ivarhus.

Ein person er sikta i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønskjer tips om hærverk

Sist helg vart det knust nokre ruter på ei gravemaskin. Det fann stad på industriområdet Eikelandsheiane.

- Dersom nokon har sett eller høyrt noko om dette, ber me om tips i saka, seier Ivarhus.