El Fakiri har vald å søkja nye utfordringar etter tre år på Kuventræ.
El Fakiri har vald å søkja nye utfordringar etter tre år på Kuventræ.

Hassan ferdig på Kuventræ

Hassan El Fakiri er ferdig i Os Fotball etter tre år som hovudtrenar.

- El Fakiri har vald å søkja nye utfordringar. Han har dei siste tre åra spelt ei sentral rolle i Os fotball. I løpet av åra Hassan har vore her har klubben gått frå å ha eitt seniorlag og ingen juniorlag til å ha tre seniorlag og tre juniorlag, skriv klubben i ei pressemelding.

Vidare heiter det at Hassan «har tilført klubben kunnskap og kompetanse som både spelarar og klubben vil nyta godt av i lang tid fremover. Som trenar har Hassan vore veldig profesjonell og har gått foran som eit godt eksempel både på og utanfor banen».

Artikkelen held fram under annonsen.

Styreleiar Jon Sivert Rykkel kommenterer at born og unge i Os fotball har vore heldige som har kunna sjå opp til Hassan, både for sine fotballkunnskapar, men ikkje minst som person.

Han og Os fotball nyttar samstundes høvet vil å takka Hassan for alt han har gjort for klubben og ønskjer han lukke til vidare i karrieren.

jostein@osogfusa.no