10-åringane Mariell Solberg (t.v.) og Helga Øvredal har nytta haustferien til kake- og saftsal til inntekt for Kreftforeningen. (Privat foto)
10-åringane Mariell Solberg (t.v.) og Helga Øvredal har nytta haustferien til kake- og saftsal til inntekt for Kreftforeningen. (Privat foto)

Haustferie med innsats for andre

Innimellom trampolinehopping og hummarfiske i haustferien, har desse jentene laga seg til med kake og saftsal på Fusatun til inntekt for Kreftforeningen.

Tirsdag byrja Mariell Solberg (10) og Helga Øvredal (10) tidleg med å baka muffins og sjokoladekake for å selja til inntekt for Kreftforeningen.

Innimellom røre og rot ringte dei til kreftforeininga og fortalde om planen og spurte om dei kunne bruke logoen deira på ein plakat. Det positive svaret kom raskt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Salet på Fusatun gjekk strålande og tirsdag kveld kunne dei stolt overføra 754 kroner uavkorta til Kreftforeningen.

Eit kjempeflott initiativ av dei to unge jentene.