Valstyret vedtok tysdag samrøystes å redusera talet valkrinsar frå 10 til 6.
Valstyret vedtok tysdag samrøystes å redusera talet valkrinsar frå 10 til 6.

Hegglandsdalen og Øyane fjerna som valkrinsar

Valstyret vedtok tysdag at det skal vera seks og ikkje ti valkrinsar ved Stortingsvalet 2017.

Valåret 2017 må planleggjast, og i Os kommune sitt valstyre vart det i dag gjort nokre omleggingar i høve til tidlegare år. Den mest merkbare vert reduksjonen i talet valkrinsar.

Tidlegare valkrinsar

Hegglandsdalen: 388 røysteføre

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster: 1120 røysteføre

Nore neset: 1821 røysteføre

Nore Øyane: 407 røysteføre

Os aust: 1944 røysteføre

Os nord: 1946 røysteføre

Os vest: 2288 røysteføre

Søfteland: 1358 røysteføre

Søre Neset: 2160 røysteføre

Artikkelen held fram under annonsen.

Søre Øyane: 765 røysteføre

Den nye inndelinga:

Lysekloster: 1120 røysteføre

Nore Neset: 2228 røysteføre

Os sentrum: 4620 røysteføre

Os nord: 1946 røysteføre

Søfteland: 1358 røysteføre

Søre Neset: 2160 røysteføre

Sum: ca: 14200

Artikkelen held fram under annonsen.

Strøno og Søre Øyane blir dermed lagt inn under Nore Neset valkrins, medan Os sentrum frå hausten av omfattar Os vest, Os aust og Hegglandsdalen. Administrasjonen får fullmakt til å velja eigna lokale i kvar krins.

Vanskelegare å røysta?

Fungerande rådmann Paul J. Manger forklarte at ein av grunnane til omlegginga var behovet for betre eigna vallokale. Fleire av lokala som har vore brukt på valdagar, er ikkje kommunale og har ikkje god nok internettilgang. Dess fleire vallokale dess vanskelegare å følgja alle godt nok opp med tekniske løysingar.

Då politikarane diskuterte den nye modellen, var dei opptekne av å sikra at det ikkje skal vera vanskelegare å røysta sjølv om mange får lenger reiseveg.

- Valdeltakinga har vore ei bekymring i mange år. Kan dette påverka ein negativ trend, ville Eirik André Hesthamar (Frp) vita.

Fungerande rådmann Paul J. Manger meinte at det ikkje skulle bli noko stort problem.

- Avstandane er såpass korte i Os, at eg trur ikkje det skal gje oss dei store utfordringane. Dessutan ser me at førehandsrøystinga har auka i seinare tid, sa han.

Hesthamar sa at omlegginga truleg vil krevja opptrapping av tilbod om å røysta heime, og rådmannen svara at dei var innstilte på å trappa opp dette.

Fjerna aldersgrense

Ordførar Marie Bruarøy sa at det er ein fridom i at ein kan røysta i kva krins som helst i bygda, ikkje berre i eigen heimkrins. Elles føreslo ho å fjerna eit framlegg frå administrasjonen om ei øvre aldersgrense på 70 år for å vera valmedarbeidar. Dette var føreslått fordi det blir stilt store krav til ein valmedarbeidar. Politikarane var altså usamde i denne aldersgrensa, og valde å fjerna punktet. Elles vart administrasjonen sitt framlegg samrøystes vedteke.