Hegglandsdalen: Tre stengjer vegen og fleire er utan straum

BKK og vegvesenet har sendt folk til staden, men dei kan ikkje ta til med utbetringane, grunna fare for fleire trevelt.

Vegen er steng ved nr 595 (nord for innkøyringa til barneskulen). Vegvesenet og BKK har sendt sine folk, men desse kan altså ikkje ta til med utbetringane før faren for at fleire tre skal velta, er over.

- Det er vanskeleg å anslå kor lenge vegen vert stengd, nettopp fordi ein ikkje kan ta til med oppryddingsarbeidet før vinden har løya, opplyser vakthavande ved Vegtrafikksentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein høgspentleidning er teken av treet som no stengjer vegen. BKK opplyser at det ligg leidningar på bakken og "halvvegs i lufta". Det er førebels vurdert som for risikofylt å gjera noko arbeid i området.

Bkk har så langt ikkje oversikta over kor mange som er straumlause.

Vegtrafikksentralen var for kort tid sidan ute og sette opp skilt på Hauge ved krysset inn til Heggglandsdalsvegen.

- Me har gjeve BKK og Vegtrafikksentralen ansvar for å følgja opp sine arbeidsoppgåver i området, men ettersom det er fare for fleire velt, er det uvisst når dei får gjort jobben, stadfestar politiførstebetjent Kristine Grindstein ved Os lensmannskontor.

- Dei vil sjølv vurdera risikoen for når det er trygt å gå inn å utbetra skadane, legg Grindstein til.