Med ein dag att (fredag) av førehandsstemminga, har 4.192 bjørnafjordingar allereie stemt.
Med ein dag att (fredag) av førehandsstemminga, har 4.192 bjørnafjordingar allereie stemt.

Heile 22 prosent har førehandsrøysta i Bjørnafjorden kommune

Valsekretariatet i Bjørnafjorden kommune opplever stor interesse og pågang kring kommunevalet for Bjørnafjorden kommune.

- Med ein dag att (fredag) av førehandsstemminga, har 4.192 bjørnafjordingar allereie stemt. Dette tilsvarer 22,4% av tal røysteføre i den nye kommunen. I 2015 var tilsvarande 17% til saman for dei to kommunane, skriv Andris Hamre i ei pressmelding..

Foreløpige resutat frå dei 12 valkrinsane i Bjørnafjorden kommune vil bli fortløpande publiserte etter kvart som dei er klare måndag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nærare tidspunkt for dette vil vera vanskeleg å angi. Alle vallokala stenger kl. 21.00. Ei første opptelling som dannar grunnlaget for dei foreløpige resultata startar umiddelbart etter at vallokala stengjer. Det er grunn til å tru at dei første resultata vil vera klare om lag kl. 21.30, opplyser Hamre.

Det er sperrefrist på resultata av førehandsrøystene til kl 21.00 same kveld.

jostein@osogfusa.no