Bergen og Omland Friluftsråd seier at det ikkje er første gongen at flytebryggja i Mobergsvika blir velta, og at om det skjer igjen, kan det henda at dei fjernar ho.
Bergen og Omland Friluftsråd seier at det ikkje er første gongen at flytebryggja i Mobergsvika blir velta, og at om det skjer igjen, kan det henda at dei fjernar ho.

– Heilt uakseptabel åtferd

Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) uttalar seg i saka om dei unge vaksne som velta flytebryggja i Mobergsvika søndag.

Søndag samla ei stor gruppe born og unge vaksne seg på flytebryggja i Mobergsvika. Dei gjorde det dei kunne for å velta flytebryggja –og lukkast med det.

Må bli slutt på

Dei lova å ordna opp etter seg, men måndag låg bryggja framleis feil veg. Det gjorde at BOF måtte ta jobben sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Driftsplanleggjar, Lars Torgilstveit, i BOF seier klart ifrå at velting av flytebryggja i Mobergsvika er ei heilt uakseptabel åtferd.

– Det er heller ikkje første gongen det har skjedd og dette må det bli slutt på. Om ikkje, må publikum i verste tilfelle belaga seg på at konsekvensen blir at flytebryggja blir fjerna på permanent basis, seier Torgilstveit.