Må få beskjed: Heimebaserte tenester kanskje er den eininga i kommunen som har kontakt med flest eldre, og tenestemottakarane risikerer å utvikla alvorleg sjukdom dersom dei blir smitta av koronaviruset.

Heimetenesta får ikkje tilstrekkeleg beskjed om brukarar i karantene

Ordføraren kjem med sterk oppmoding til pårørande.

– No må vi faktisk ta omsyn, og pårørande må melda frå til heimetenestene om brukarar som er i heimekarantene, seier ordførar Trine Lindborg.

Ho har blitt kjend med at fleire i heimetenestene denne helga har kome heim til folk utan å vita at vedkomande er i heimekarantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette utgjer ein stor smitterisiko. I verste fall vert helsepersonellet smitta og går vidare til neste brukar og spreier smitta, påpeikar Lindborg.

Meld frå: – Me treng alle tilgjengelege hender. Då treng me hjelp frå dei pårørande og bed dei melda ifrå, seier ordførar Trine Lindborg.

Ho understrekar at det er svært viktig at ein no gjer det ein kan for å unngå å setja helsepersonell ut av spel.

– Me treng alle tilgjengelege hender. Då treng me hjelp frå dei pårørande og bed dei melda ifrå.

Ho peikar på at heimebaserte tenester kanskje er den eininga i kommunen som har kontakt med flest eldre, og at alle tenestemottakarane risikerer å utvikla alvorleg sjukdom dersom dei blir smitta av koronaviruset.

– Vi må alle saman bidra til å beskytta dei mest mogleg.

Her er tilrådingane frå kommunen:

Ikkje dra på besøk dersom du har vore i nærkontakt med ein person som er smitta av koronavirus

Ikkje dra på besøk dersom du har vore på reise (både innanlands og utanlands) og trur du kan ha vore utsett for smitte

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje dra på besøk dersom du er i heimekarantene på grunn av reise utanfor Norden etter 27. februar 2020

Her er tiltaka frå kommunen:

Har stramma inn rutinane våre for smittevern og desinfeksjon av utstyr og berøringsflater inne i lokala våre og i bilane.

Er bevisste på nærkontakt og handhelsing, og avgrensar dette så mykje som mogleg.

Alle tilsette i Heimebaserte tenester som har vore på reise utanfor Norden etter 27. februar 2020, blir sett i karantene for å førebyggja smitte.