Elin Sundvor (19) frå Strandvik, Anneli Vinnes (18) frå Vinnes, og Ruben Boge (19) frå Boga i Nore Fusa, skal om kort tid bruka røysta si i eit kommuneval for første gang.
Elin Sundvor (19) frå Strandvik, Anneli Vinnes (18) frå Vinnes, og Ruben Boge (19) frå Boga i Nore Fusa, skal om kort tid bruka røysta si i eit kommuneval for første gang.

Heit potet blant ungdomen også

Det er ikkje berre dei vaksne som er opptekne av skuledebatten i Fusa. Når ungdomen snakkar politikk, så går det i skule.

- Det er ikkje ofte me snakkar om politikk i venegjengen, men når me gjer det, så går det i skuledebatt og om det skal leggjast ned skular eller ikkje, seier Ruben Boge (19), som ikkje er einig i at alle born skal samlast i Eikelandsosen.

- Me har både barnehage og skule i Holmefjord, og det er like mange born der som i Eikelandsosen. Kvifor skal alle samlast i Eikelandsosen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men sju skular er litt mykje då, skyt Elin Sundvor (19) frå Strandvik inn.

- Eg forstår at kommunen ønskjer å spara pengar, men eg trur ikkje det er gunstig å samla alle elevane på ein skule. Det er nok mange som er samde i at nokre skular bør leggjast ned, men ingen vil at sin skule skal forsvinna.

- Me må hjelpa flyktningane

Ungdomane er med andre ord relativt like som dei vaksne i Fusa. Også dei ønskjer å halda på sine skular.

- Både frå Standvik og Boga vert det reiseveg på om lag ein halv time. Det er for mykje, meiner Sundvor og legg til:

- Då er det betre å ha skular i ytterkantane av kommunen, slik at ikkje alle får lang reiseveg.

Både i Os og Fusa er det eit tema om kommunane skal ta imot fleire flyktningar eller ikkje. Ungdomane meiner at kommunen må hjelpa til så langt det er mogleg.

- Eg har eigentleg ikkje lagt merke til så mange flyktningar i Fusa. Med den situasjonen som er no, kor det er så mange som treng hjelp, så må me hjelpa til, seier Anneli Vinnes (18).

- Studentar må ha førsterett

Boge delar Vinnes sitt syn på saka, men meiner samstundes at det må vera ledige bustader til studentane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då må det vera slik at studentane har førsterett på hyblar og leilegheiter som ligg i nærleiken av skulen. Det kan ikkje vera slik at dei "tek" plassane våre. Då må det i så fall byggjast fleire bustader, seier han.

Det er delte meiningar om det er betre å samla flyktningar i større byar, eller om små kommunar er det beste alternativet, men ungdomane trur Fusa er ein fin stad å verta integrert i det norske samfunnet.

- Fordelen med å koma til ein liten kommune er at her kan dei få tettare oppfølging og læra seg norsk raskare, trur Vinnes.

Heller mot Venstre

Nyleg var det skuledebatt på Fusa vidaregåande skule. Sundvor og Boge hadde ikkje høve til å delta, men Vinnes var til stades.

- Det var spennande. Det vart litt temperatur også. Politikaren frå Frp hadde veldig sterke meiningar, og gjekk til åtak på dei andre heile tida, seier ho.

Blant det som vart diskutert, var stipend, skatt, flyktningar og sjølvsagt skule.

- Eg har ikkje bestemt meg for kva parti eg skal røysta på, men etter debatten heller eg litt mot Venstre. Representanten frå Venstre hadde mange gode poeng, i tillegg til at han var høfleg og ikkje avbraut dei andre heile tida, seier Vinnes.

Saknar idrettshall

Dei tre ungdomane skildrar seg sjølve som middels interesserte i politikk, og seier at dei har ein jobb å gjera før valet, for å finna ut kven dei vil røysta på. Sundvor trur det er mange som røystar på politikarar frå si eiga bygd.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kjem du til å gjera det?

- Det er ikkje utenkjeleg, men eg har ikkje bestemt meg enno, seier ho.

- Kva ville de ha prioritert å bruka pengar på, om de fekk velja?

- Meir pengar til helsesektoren. Eg har sjølv jobba både på sjukeheimen og i heimesjukepleien og sett kor naudsynt det er. Eg ville òg bygd idrettshall så fort som mogleg. Me har ingen idrettshallar, medan Kvam, som også er ein liten kommune, har to, seier Sundvor.

Dei to andre støttar Sundvor, og Boge legg til at han ville ha forbetra vegnettet i Fusa, og gjort reisevegen til Bergen kortare.

Vil ikkje ha for mykje byfolk

Ungdomen er sikre på at dersom sakene dei nemner vert gjennomførte, så vil det resultera i mange kjærkomne tilflyttarar til kommunen.

- Me får berre håpa at det ikkje kjem for mange byfolk i framtida. Dei liker me ikkje, seier Boge og ler.

- Kva parti ville de ha røysta på dersom valet var i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundvor: Senterpartiet.

Vinnes: Venstre.

Boge: Venstre.

Trioen ønskjer å presisera at dei er langt frå sikre på om det er slik dei kjem til å røysta om 14 dagar, men éin ting er sikkert, dei skal røysta.