Litt bensin på bålet måtte til for å få skikkeleg fres på det.
Litt bensin på bålet måtte til for å få skikkeleg fres på det.

Heiv bensin på jordbruksbålet

Regjeringa har lagt fram ei jordbruksmelding som ikkje nett fell i god jord hjå bøndene. I ettermiddag tende dei bål og varsla kamp.

På Bahus gard like på grensa mellom Os og Bergen vart det i dag tent protestbål, og halde appell ved Bodhild Fjelltveit i Bergen Bondelag.

- Frå gamalt av var det å tenna slik bål eit teikn på fare. Og i dag er det landbruket vårt som er i fare. Me treng norsk landbruk også her på Vestlandet, men regjeringa legg opp til at berre dei som driv stort skal tena pengar på det, sa Fjelltveit og sikta til dei små teigane og bratte knausane vestlandsbonden er prisgitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er ei samla jordbruksnæring som kjempar for at naturressursane skal bli brukt for å skapa verdiar, eit land der me produserer maten vår sjølv. Me brenn for landbruket, sa ho.

- Feil å belønna berre dei store

Ei rekkje bønder frå Os var også møtt fram, og fremst blant dei var Olav Botnevik, leiar i Os bondelag.

- Ved å tenna bål vil me protestera mot den auka liberaliseringa som svekkjer landbruket. Frp/H-regjeringa sitt framlegg fører oss i feil retning.

Bønder frå Os samla seg i protest tysdag.
Bønder frå Os samla seg i protest tysdag.
Båltenninga markerer starten på eit truleg krevjande jordbruksoppgjer.
Båltenninga markerer starten på eit truleg krevjande jordbruksoppgjer.

- Kva er gale med jordbruksmeldinga?

- Blant anna blir det føreslått å endra produksjonstilskota, nok ein gong i favør av dei som driv størst. Då blir det som i oppdrettsnæringa at du får fleire og fleire store aktørar som kan kjøpa opp kvoter. På same måte kan bønder som driv stort på jæren kjøpa kvoter. Men dei har heilt andre vilkår enn oss i Hordaland. Dei smådriftsulempene treng me å få kompensert for, seier Botnevik.

I dag vart det tent tilsvarande bål over heile landet, og markerer starten på det som ser ut til å bli eit krevjande jordbruksoppgjer.

- Det er viktig å få fram at det ikkje berre er bøndene regjeringa har mot seg, men også stortingsfleirtalet er motstandarar av fleire av virkemidla som no blir føreslått, sa Fjelltveit.